1 Det var straks fyre påskehøgtidi: Jesus visste at hans time var komen då han skulde fara burt frå denne verdi og heim til Faderen, og som han hadde elska sine eigne, som var i verdi, so elska han deim til enden.

2 Då dei heldt kveldverd, og djevelen alt hadde skote det i hugen på Judas Simonsson Iskariot at han skulde svika honom,

3 og då Jesus visste at Faderen hadde gjeve alt i hans hender, og at han var komen frå Gud og gjekk til Gud,

4 so reiser han seg frå bordet og legg av seg kjolen sin, og tek eit handklæde og batt um seg;

5 so slær han vatn i vaskarfatet og tok til å två føterne åt læresveinarne og turka dei med handklædet som han hadde bunde kring livet.

6 Han kjem då til Simon Peter, og han segjer til honom: «Herre, tvær du mine føter?»

7 Jesus svara honom so: «Kva det er eg gjer, veit du ikkje no, men du skal skyna det sidan.»

8 «Aldri i verdi skal du två mine føter,» segjer Peter. «Dersom eg ikkje tvær deg, hev du ingen ting i hop med meg,» svara Jesus.

9 Simon Peter segjer til honom: «Herre, ikkje berre føterne, men henderne og hovudet med!»

10 «Den som hev lauga seg, treng ikkje två anna enn føterne; elles er han heiltupp rein,» segjer Jesus; «og de er reine, men ikkje alle.»

11 Han visste kven som skulde svika honom; difor var det han sagde: «De er ’kje reine alle.»

12 Då han no hadde tvege føterne deira og teke på seg kjolen sin og sett seg til bords att, sagde han til deim: «Skynar de kva det er eg hev gjort med dykk?

13 De kallar meg «Meister» og «Herre,» og det segjer sant; for det er eg.

14 Hev no eg, herren og meisteren, tvege føterne dykkar, so lyt de og två føterne åt kvarandre.

15 Det er eit mynster eg hev synt dykk; som eg gjorde med dykk, so skal de og gjera.

16 Det segjer eg dykk for visst og sant: Ein tenar er ikkje større enn herren sin, og ein ærendsvein er ikkje større enn den som hev sendt honom.

17 Veit de det, so er de sæle, so sant de gjer etter det.