26 Då det leid på sette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilæa som dei kallar Nasaret,

27 åt ei møy som var trulova med ein mann som heitte Josef, av Davids-ætti, og møyi heitte Maria.

28 Då engelen kom inn til henne, sagde han: «Guds fred, du som hev fenge slik nåde! Herren er med deg! Velsigna er du millom kvinnor!»

29 Ved desse ordi stokk ho, og tenkte med seg: «Kva er dette for ei helsing?»

30 Men engelen sagde til henne: «Ver ikkje rædd, Maria! Du hev funne nåde hjå Gud!

31 Du skal verta med barn og få ein son, og kalla honom Jesus.

32 Han skal vera stor og kallast son åt den Høgste, og Herren Gud skal gjeva honom kongsstolen åt David, ættfaren hans;

33 han skal vera konge yver Jakobs-ætti i all æva, og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»

34 «Korleis skal det ganga til, når eg ikkje hev mann?» sagde Maria.

35 «Den Heilage Ande skal koma yver deg, og krafti åt Den Høgste skal skyggja yver deg,» svara engelen; «difor skal og det heilage som vert født, kallast Guds Son.

36 Og høyr: Elisabet, som er skyld deg, skal og hava ein son på sine gamle dagar; dei sagde ho var ikkje barnkjømd, men no er ho alt i sette månaden;

37 for ingen ting er umogeleg for Gud.»

38 Då sagde Maria: «Her stend eg - eg er Herrens tenestkvinna! Lat det ganga meg som du hev sagt!» So for engelen burt att.