13 Same dagen gjekk tvo av deim utetter til ein liten by som heiter Emmaus, og ligg ei mil frå Jerusalem,

14 og på vegen tala dei med einannan um alt det som nyst hadde hendt.

15 Med dei no gjekk og tala og dryfte det med kvarandre, kom Jesus sjølv innåt og slo fylgje med deim;

16 men augo deira var fjetra, so dei kjende honom ikkje.

17 «Kva er det for ting de røder so um, med de gjeng etter vegen?» spurde han. Då stana dei, og det var sjåande til at dei sturde.

18 Og den eine av deim - han heitte Kleopas - tok til ords og sagde til honom: «Du må visst vera den einaste som held til i Jerusalem og ikkje veit kva som hev hendt der desse dagarne!»

19 «Kva for noko?» spurde han. «Det med Jesus frå Nasaret,» svara dei, «han som var ein profet, megtig i gjerning og ord for Gud og alt folket,

20 korleis øvsteprestarne og rådsherrarne våre fekk dømt honom frå livet og krossfeste honom.

21 Og me vona at han var den som skulde løysa ut Israel. Og med alt det so er det no på tridje dagen sidan dette gjekk fyre seg.

22 Men so hev og nokre kvinnor i flokken vår sett oss i uro og undring; dei var i otta ved gravi,

23 og fann ikkje likamen hans, men kom og fortalde at dei hadde set ei syn av englar, og at englarne hadde sagt at han liver.

24 Nokre av felagerne våre gjekk då ut til gravi, og fann det heiltupp so som kvinnorne hadde sagt, men honom såg dei ikkje.»

25 «Å, for uvituge de er,» svara han, «og for seinhuga til å tru alt det som profetarne hev tale!

26 Laut ikkje Messias lida dette, fyrr han kunde ganga inn til sin herlegdom?»

27 So tok han til frå Moses og alle profetarne, og i alle skrifterne lagde han ut for deim det som er sagt um honom der.

28 Då dei var tett innmed den byen dei skulde til, lest han vilja ganga lenger.

29 Men dei nøydde honom og sagde: «Ver hjå oss! Det lid til kvelds, og dagen hallar.» So gjekk han inn og var hjå deim.

30 Som han no sat til bords med deim, tok han brødet og velsigna det, og braut det og gav deim.

31 Då vart augo deira upplatne, so dei kjende honom att; men i det same kvarv han burt for augo deira.

32 Då sagde dei med einannan: «Brann ikkje hjarta i oss då han tala med oss på vegen, då han lagde ut skrifterne åt oss?»