21 Då gjekk Peter fram og sagde: «Herre, kor mange gonger skal eg tilgjeva bror min når han hev synda imot meg - so mykje som sju gonger?»

22 Jesus svara: «Ikkje sju gonger, segjer eg deg, men sytti gonger sju gonger.»

23 For himmelriket kann liknast med ein konge som vilde gjera upp rekneskapen med tenarane sine.

24 Då han no tok til med uppgjerdi, førde dei fram for honom ein som var skuldig ti millionar dalar.

25 Men han hadde ’kje noko å greida det med. So sagde herren hans at han skulde seljast, både han og kona hans og borni og alt det han åtte, so gjelda kunde greidast.

26 Då fall tenaren på kne for honom og sagde: «Ver tolug med meg, so skal du få det alt saman!»

27 Og herren tykte synd i tenaren sin og gav honom fri, og ettergav honom skuldi.

28 Då den same tenaren kom ut att, møtte han ein av dei andre tenarane, som var skuldig honom tjuge dalar, og han greip honom og vilde strøypa honom, og sagde: «Kom med det du er skuldig!»

29 Då fall den andre på kne og bad for seg og sagde: «Ver tolug med meg, so skal du få det!»

30 Men han vilde ikkje; han tok og sette medtenaren sin i fengsel; der skulde han sitja til skuldi var greidd.

31 Då dei andre tenarane såg kva som gjekk fyre seg, vart dei ille ved; og dei gjekk til herren sin, og fortalde honom alt det som var hendt.

32 Då kalla herren honom fyre seg og sagde til honom: «Du vonde tenar! Heile den store skuldi di gav eg deg etter då du bad meg!

33 Skulde so ’kje du og ha vore mild imot medtenaren din, som eg var imot deg!»

34 Og herren hans vart harm og gav honom yver til fangevaktarane, so dei skulde pina honom til han hadde greidt all skuldi.

35 So skal og far min i himmelen gjera med dykk, når de ikkje av hjarta tilgjev kvarandre.