14 Det er liksom med ein mann som vilde fara utanlands. Han kalla tenarane sine inn, og flidde deim midelen sin:
15 ein gav han fem tusund dalar, ein annan tvo tusund, og den tridje eitt tusund, etter som kvar dugde til, og so for han or landet.
16 Den som fekk fem tusund dalar, tok straks til å handla med deim, og vann seg fem tusund til.
17 Sameleis den som fekk tvo tusund; han og vann tvo tusund til.
18 Men den som fekk eitt tusund, gjekk burt og grov eit hol i jordi og gøymde pengarne åt husbonden sin.
19 So leid det ei lang tid, då kom husbonden heim att og kravde rekneskap av tenarane sine.
20 Og han som hadde fenge fem tusund dalar, gjekk fram og hadde med seg fem tusund til og sagde: «Herre, du gav meg fem tusund dalar; sjå her, eg hev vunne fem tusund til!»
21 Då sagde husbonden til honom: «Det var rett gjort, du gode og trugne tenar! Du hev vore tru i det som var lite; eg vil setja deg yver mykje. Gakk inn og gled deg med husbonden din!»
22 So gjekk han fram han som hadde fenge tvo tusund dalar, og sagde: «Herre, du gav meg tvo tusund dalar. Sjå her, eg hev vunne tvo tusund til!»
23 «Det var rett gjort, du gode og trugne tenar!» svara husbonden. «Du hev vore tru i det som var lite; eg vil setja deg yver mykje. Gakk inn og gled deg med husbonden din!»
24 Sidan kom han som hadde fenge eitt tusund dalar, og sagde: «Herre, eg kjende deg for ein streng mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strådde.
25 Difor vart eg rædd, og so gjekk eg burt og gøymde pengarne dine i jordi. Sjå her hev du ditt!»
26 Då svara husbonden: «Du låke og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strådde!
27 Skulde du ’kje då ha sett pengarne mine i banken! so hadde eg fenge mine att med rentor når eg kom heim.
28 Tak ifrå honom dei tusund dalarne, og gjev deim til den som hev ti tusund!
29 For kvar den som hev, han skal få, so han hev nøgdi; men den som ikkje hev, skal missa endå det som han hev.
30 Og kasta den duglause tenaren ut i myrkret utanfor, der dei græt og skjer tenner!»