1 Då Jesus hadde tala alle desse ordi, sagde han til læresveinarne:

2 «De veit at um tvo dagar er det påske; då skal Menneskjesonen gjevast i henderne på uvenerne sine, og dei skal krossfesta honom.»

3 Då var det dei øvste prestarne og styresmennerne for folket kom saman i garden åt øvstepresten - han heitte Kajafas -

4 og lagde yver at dei vilde gripa Jesus med list og slå honom i hel.

5 «Men ikkje med helgi!» sagde dei; «elles kunde det verta upplaup millom folket.»

6 Medan Jesus var i Betania, hjå Spilte-Simon,

7 kom det ei kvinna burt til honom med ei alabaster-krukka full av kosteleg salve; den helte ho ut på hovudet hans då han sat til bords.

8 Då læresveinarne såg det, vart dei harme og sagde: «Kva skal slik øyding vera til?

9 Dette kunde vore selt for mange pengar og gjeve til dei fatige.»

10 Jesus gådde det og sagde til deim: «Kvi er de leide med henne? Ho hev då gjort ei god gjerning mot meg.

11 Dei fatige hev de alltid hjå dykk, men meg hev de ikkje alltid.

12 Då ho slo denne salven ut yver likamen min, då vilde ho bu meg til jordferdi mi.

13 Det segjer eg dykk for visst: Kvar i verdi dette evangeliet vert kunngjort, der skal dei og tala um det ho hev gjort, so alle skal minnast henne.»

14 Då gjekk ein av dei tolv, han som heitte Judas Iskariot, til dei øvste prestarne

15 og sagde: «Kva vil de gjeva meg, so skal eg laga det so at de fær honom i dykkar magt?» Då talde dei upp tretti sylvdalar til honom.

16 Og frå den stundi søkte han eit høve til å gjeva Jesus i henderne deira.

17 Den fyrste dagen i søtebrødhelgi kom læresveinarne til Jesus og sagde: «Kvar vil du me skal laga til påskemålet åt deg?»

18 Han svara: «Gakk inn i byen til den mannen de veit, og seg med honom: «Meisteren segjer: Det lid innpå tidi for meg; eg vil halda påske hjå deg med læresveinarne mine.»»

19 Og læresveinarne gjorde som Jesus sagde, og laga til påskemålet.

20 Då det vart kveld, sette han seg til bords med dei tolv.

21 Og med dei sat og åt, sagde han: «Det segjer eg dykk for sant: Ein av dykk kjem til å svika meg.»

22 Då vart dei reint ille ved, og tok til å spyrja honom, kvar for seg: «Det er då vel ikkje eg, Herre?»

23 «Den som duppa med meg i fatet, han er det som vil svika meg,» svara Jesus.

24 «Menneskjesonen gjeng fulla burt, soleis som det er skrive um honom, men ve yver den mannen som svik Menneskjesonen! Det var betre for den mannen um han aldri var fødd.»

25 Då tok Judas, svikaren, til ords og sagde: «Det er då vel ikkje eg, rabbi?» «No sagde du det sjølv,» svara han.

26 Med dei sat til bords, tok Jesus brødet, og signa det og braut det, og gav læresveinarne og sagde: «Tak, og et! Dette er likamen min.»

27 Og han tok kalken, og takka, og gav deim og sagde: «Drikk av det alle!

28 Dette er blodet mitt, paktblodet, som renn for mange til forlating for synderne.