1 Ein song til høgtidsferderne. Eg lyfter augo mine upp til fjelli, kvar kjem mi hjelp ifrå?
2 Mi hjelp kjem ifrå Herren, han som hev skapa himmelen og jordi.
3 Han skal ikkje lata foten din vera ustød, han blundar ikkje din vaktar.
4 Sjå, han blundar ikkje og søv ikkje, Israels vaktar.
5 Herren er din vaktar, Herren er din skugge ved di høgre hand.
6 Um dagen skal ikkje soli stikka deg, og ikkje månen um natti.
7 Herren skal vara deg frå alt vondt, han skal vara di sjæl.
8 Herren skal vara din utgang og din inngang frå no og til æveleg tid.