1 Ein salme av David. Herre, kven skal vera gjest i ditt tjeld? Kven skal bu på ditt heilage fjell?
2 Den som ferdast ulastande og gjer rettferd og talar sanning i sitt hjarta.
3 Han baktalar ikkje med si tunga, han gjer ikkje vondt imot sin næste og fører ikkje skam yver den som stend honom nær.
4 Svivyrdeleg er i hans augo den gudlause, men han ærar deim som ottast Herren. Sver han til sin eigen skade, so bryt han då aldri sin eid.
5 Han låner ikkje sine pengar ut for renta og tek ikkje mutor imot den saklause. Den som gjer dette, skal i all æva ikkje verta rikka.