1 «Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg!
12 For Gud Herren er sol og skjold, nåde og ære gjev Herren, han held ikkje undan noko godt frå deim som ferdast i uskyld. Herre, allhers drott, sæl er den mann som set si lit til deg!
1 Ein song til høgtidsferderne. Dei som lit på Herren, er som Sionsfjellet, som ikkje vert rikka, men æveleg stend fast.
2 Jerusalem - fjell er kringum det, og Herren er ikring sitt folk frå no og i all æva.
4 Og han lagde ein ny song i min munn, ein lovsong til vår Gud. Mange ser det og ottast og lit på Herren.
7 For vond tidend skal han ikkje ræddast; hans hjarta er fast, det lit på Herren.
10 Og Herren er ei borg for den nedtyngde, ei borg i dei tider han er i trengd.
1 Den som sit i gøymsla hjå den Høgste, den som bur i skuggen hjå den Allmegtige,
2 han segjer til Herren: «Mi livd og mi borg, min Gud som eg set mi lit til.»
3 For han frelser deg frå snara til fuglefangaren, frå tynande sott.
4 Med sine fjører løyner han deg, og under hans vengjer finn du livd; skjold og vern er hans truskap.
7 No veit eg at Herren frelser den han salva; han svarar honom frå sin heilage himmel med frelsande storverk av si høgre hand.
8 Desse prisar vogner, og hine prisar hestar, men me prisar namnet åt Herren, vår Gud.
8 Det er betre å fly til Herren enn å lita på menneskje.
9 Det er betre å fly til Herren enn å lita på hovdingar.
10 Då skal mine fiendar venda attende, den dagen eg ropar; det veit eg, at Gud er med meg.
11 Ved Gud skal eg lova ordet; ved Herren skal eg lova ordet.
5 so min fiende ikkje skal segja: «Eg hev vunne yver honom,» so mine motstandarar ikkje skal fagna seg yver at eg fell.
3 Lit på Herren og gjer det gode, bu i landet og legg vinn på truskap!
4 Og hugnast i Herren, so skal han gjeva deg det som ditt hjarta ynskjer.
5 Gjev Herren din veg i vald, og lit på honom! Han skal gjera det;
6 og han skal lata di rettferd ganga fram som ljoset, og din rett som middagsklåren.
14 For eg høyrer baktale av mange, rædsla rundt ikring, med di dei legg råd saman imot meg; dei lurer på å taka mitt liv.
5 Lit på Herren av heile ditt hjarta men set ikkje lit til ditt vit!
6 Tenk på honom i all di ferd! So jamnar han dine vegar.
4 Lit då på Herren allstødt! For Herren, Herren er eit æveleg berg.
7 Velsigna er den mann som lit på Herren, og hev Herren å lita på.
8 Han er lik eit tre som er planta attmed vatn, og som tøygjer røterne sine burt åt ein bekk, og som ikkje ræddast når hiten kjem, men hev sigrønt lauv, og som i turkår ikkje syrgjer og ikkje held upp med å bera frukt.
2 Sjå, Gud er mi frelsa, eg er trygg og ottast ikkje; for Herren, Herren er min styrke og min lovsong, og han vart meg til frelsa.»