Ganância

36 Kva gagnar det eit menneskje å vinna heile verdi, men tapa sjæli si?

24 Ingen kann tena tvo herrar; for anten vil han hata den eine og halda utav den andre, eller halda seg til den eine og vanvyrda hin; de kann ikkje tena både Gud og Mammon.

3 Men utukt og all ureinskap eller havesykja må ikkje eingong verta nemnde millom dykk, so som det sømer seg for heilage,

4 Mød deg ei med å verta rik, lat fara den klokskapen din!

9 Men dei som vil verta rike, fell i freisting og snara og mange dårlege og skadelege lyster, som søkkjer menneski ned i undergang og fortaping.

5 So døyd då dykkar jordiske lemer: Utukt, ureinskap, ovhug, vond lyst og havesykje, som er avgudsdyrking!

15 So sagde han til deim: «Sjå og tak dykk i vare for all havesykja! For ingen kann tryggja livet sitt med det han eig, um han er aldri so rik.»

36 Bøyg mitt hjarta til dine vitnemål og ikkje til urett vinning!

26 Heile dagen snikjer den snikne, men ein rettferdig gjev og sparer inkje.

6 Difor legg de og skatt, for dei er Guds tenarar, som just tek vare på dette.

10 For pengehugen er ei rot til alt vondt; av trådom deretter hev sume fare vilt frå trui og hev gjenomstunge seg sjølve med mange pinslor.

15 Det og er syrgjeleg leidt: Just slik som han kom, skal han ganga burt; kva vinning hev han då av det at han strævar burt i vind og vær?

10 Di meir gods, di fleire til å tæra på det. Kva gagn hev eigaren av det anna enn augnesyn?

19 Samla dykk ikkje skattar på jordi, der mol og makk et og øyder, og tjuvar bryt seg inn og stel,

20 men samla dykk skattar i himmelen, der korkje mol eller makk øydelegg, og tjuvar aldri bryt seg inn og stel!

11 Lettfengen rikdom minkar, men sankar du smått um senn, fær du meir og meir.