11 Herre, høyr og ver meg nådig! Herre, ver min hjelpar!»
12 Du vende mi sorg um til dans for meg, du klædde av meg min syrgjebunad og gyrde meg med gleda, so mi æra kann lovsyngja deg og ikkje tagna. Herre, min Gud, eg vil æveleg prisa deg.
30 Men eg er ein arming full av verk, Gud, lat di frelsa berga meg!
18 Takka for alle ting! for dette er Guds vilje i Kristus Jesus til dykk.
4 Kom inn i hans portar med takk, i hans fyregardar med lov, prisa honom, lova hans namn!
4 For all Guds skapning er god, og inkje er til å vanda, når det vert motteke med takk;
5 for det vert helga med Guds ord og bøn.
15 Og Kristi fred råde i dykkar hjarto, den som de vart kalla til i ein likam, og ver takksame!
4 Lat deim snu for si skjemd dei som segjer: «Ha, ha!»
9 Dei som tek vare på tome avgudar, gjeng frå si miskunn.