Meditação
97 Kor eg hev lovi di kjær! Heile dagen er ho i min tanke.
98 Dine bodord gjer meg visare enn mine fiendar, for æveleg eig eg deim.
99 Eg hev vorte klokare enn alle mine lærarar, for eg grundar på dine vitnemål.
100 Eg er vitugare enn dei gamle, for dine fyresegner hev eg teke vare på.
14 Haldt og din tenar frå skamløysor, lat deim ikkje få magt yver meg! So vert eg ulastande og utan skuld for stor misgjerning. Lat talen i min munn og tanken i mitt hjarta vera til hugnad for di åsyn, Herre, du mitt berg og min atterløysar!
3 både låge og høge, rik og fatig, alle saman!
11 Eg segjer: Dette er mi plåga, det er år frå høgre handi til den Høgste.
12 Eg vil forkynna Herrens gjerningar, for eg vil minnast dine under frå fordoms tid.
5 Fordoms dagar kjem eg i hug, eg tenkjer på alt ditt verk og grundar på det dine hender hev gjort.
47 Eg vil frygda meg ved dine bodord, som eg elskar.
48 Eg vil lyfta mine hender til dine bodord som eg elskar, og eg vil grunda på dine fyreskrifter.
9 Liksom me hev høyrt, so hev me no set det i Herren, allhers drotts by, i vår Guds by, Gud gjer honom fast til æveleg tid. Sela.
1 Sæl er den mann som ikkje gjeng i råd med ugudlege og ikkje stend på veg med syndarar og ikkje sit i sæte med spottarar,
2 men som hev si lyst i Herrens lov og grundar på hans lov dag og natt.
147 Tidleg i dagningi var eg uppe og ropa um hjelp; eg venta på ditt ord.
148 Mine augo var uppe fyre nattevakterne, so eg kunde grunda på ditt ord.
8 Hav allstødt denne lovi på tunga, og grunna på henne natt og dag, so du kjem i hug å liva etter alt det som der stend skrive! Då skal du hava lukka med deg på vegarne dine; for då fer du visleg fram.
15 På dine fyresegner vil eg grunda og skoda på dine stigar.
16 I dine fyreskrifter vil eg hava hugnad, og ikkje vil eg gløyma ditt ord.
33 Eg vil syngja for Herren so lenge eg liver, eg vil lovsyngja min Gud so lenge eg er til.
34 Gjev min tale kunde tekkjast honom! Eg vil gleda meg i Herren.