1 Men Anden segjer klårleg, at i dei komande tider skal sume falla frå trui og halda seg til dårande ånder og lærdomar av djevlar
2 ved hykling av falske lærarar, som er brennemerkte i sitt eige samvit,
3 som forbyd å gifta seg og påbyd å halda seg frå mat, som Gud hev skapt til å verta motteken med takk av deim som trur og hev lært sanningi å kjenna.
19 Rett aldri munde Gud sitt ord mishalla som eit menneskje ell’ angra som eit mannebarn. Det han hev sagt, set han i verk det han hev lova, held han og.
16 Det er seks ting som Herrens hatar, og sju er ei gru for hans sjæl:
17 Storlåtne augo, ljugartunga, hender som renner ut skuldlaust blod,
18 hjarta som tenkjer upp vonde råder, føter som renner rapt til vondt,
19 den som lyg og vitnar falskt, den som yppar strid millom brør.
44 De hev djevelen til far, og det de vil, er å gjera det far dykkar hugast; han var ein manndråpar frå fyrste tid, og hev ’kje sitt støde i sanningi; for det finst ikkje sanning i honom. Når han talar lygn, talar han av sitt eige; for han er ein ljugar og far åt lygni.
16 Du skal ikkje vitna rangt imot grannen din!
7 I mitt hus skal ingen få bu som fer med svik; den som talar lygn, skal ikkje standa for augo mine.
11 De skal ikkje stela, og de skal ikkje dylja burt det som de hev i varveitsla, og de skal ikkje svika kvarandre.
9 Ljug ikkje mot kvarandre, de som hev klædt av dykk det gamle menneskje med dei gjerningar det gjer,
10 og iklædt dykk det nye, som vert uppnya til kunnskap etter sin skapars bilæte;
6 Skattevinning med ljugartunga er ein kvervande pust av deim som søkjer dauden.
1 Til songmeisteren; av David, ein salme. Min lovsongs Gud, teg ikkje!
2 For dei hev late upp sin ugudlege og falske munn imot meg, dei hev tala imot meg med ljugartunga.
13 Israels leivning skal ikkje gjera urett, dei skal ikkje tala lygn, og det skal ikkje finnast svikfull tunga i deira munn. Ja, dei skal beita og liggja i ro, utan at nokon skræmer deim.
5 Ikkje lyg eit ærlegt vitne, men det falske vitne andar lygn.
25 Legg difor av lygni og tala sanning kvar med sin næste, av di me er kvarannans lemer.
15 Men utanfor er hundarne og trollmennerne og horkararne og manndråparane og avgudsdyrkarane og kvar som elskar og talar lygn.
22 Ei stygja for Herren er ljugarlippor, men han likar deim som fer fram med truskap.
7 Det høver ikkje for ein dåre å tala store ord, enn mindre for ein fagnamann å ljuga.
14 Men hev de beisk ovund og stridssykja i hjarto dykkar, so rosa dykk ikkje og ljug ikkje imot sanningi!