8 Høyr etter, son min, når far din deg agar, og kasta ’kje frå deg det mor di deg lærer!
9 For det er ein yndeleg krans for ditt hovud, og kjedor kring halsen din.
4 Og de feder, arga ikkje dykkar born, men fostra deim upp i Herrens tukt og påminning!
26 Den som er vond med far sin og jagar mor si burt, han er ein son til skam og skjemd.
24 Storleg fegnast far til den rettferdige, og den som fær ein vis son, skal få gleda av han.
6 Lær guten etter som guten er, so vik han ikkje ifrå det, um han vert gamall.
22 Høyr på far din som avla deg, og vanvyrd ei mor di når ho vert gamall!
15 Men hev de ikkje hug til å tena Herren, so vel i dag kven de vil tena, anten dei gudarne som federne dykkar austanfor Storelvi tente, eller gudarne åt amoritarne, som åtte det landet de bur i! Men eg og mitt hus me vil tena Herren.»
16 Foreldre skal ikkje lata livet for det borni hev gjort, og born ikkje for det foreldri hev gjort; ingen skal lata livet for anna enn sine eige brot.
1 De born, lyd dykkar foreldre i Herren, for det er rett!
2 «Heidra far din og mor di» - dette er det fyrste bodet med lovnad -
3 «at det må ganga deg vel, og du må leva lenge i landet.»
20 Den som bannar far og mor, hans lampa skal slokna i kolmyrkret.
12 Æra far din og mor di, so du fær liva lenge i det landet som Herren, din Gud, gjev deg!
8 Men um nokon ikkje hev umsut for sine eigne og mest for sine husfolk, han hev forneitta trui og er verre enn ein vantruande.
21 De feder, arga ikkje dykkar born, so dei ikkje skal missa modet!
3 Sjå, born er Herrens gåva, livsfrukt er ei løn.
4 Som piler i kjempehand, soleis er ungdoms søner.
5 Sæl er den mann som hev sitt pilehus fullt av deim! Ikkje skal dei verta til skammar, når dei talar med fiendar i porten.
24 Difor skal mannen skiljast med far sin og mor si og halda seg hjå kona si, og dei skal verta eitt kjøt.
6 Ein krans for dei gamle er barneborn, og ei æra for borni er federne deira.
20 De born, lyd foreldri dykkar i alle ting! for det er Herren til hugnad.
4 Men um ei enkja hev born eller barneborn, so lat deim fyrst læra å visa eit gudlegt huglag imot sitt eige hus og gjeva sine foreldre vederlag, for det er tekkjelegt for Guds åsyn.
6 Og desse ordi som eg lærer deg no, skal du gøyma i hjarta;
7 og du skal prenta deim inn i borni dine, og tala um deim når du sit heime, og når du gjeng etter vegen, og når du legg deg, og når du ris upp att;
24 Den som sparer riset sitt, hatar son sin, men den som elskar han, tuktar honom tidleg.
15 Ris og age gjev visdom, men ein agelaus gut fører skam yver mor si.
7 Det er for tukti skuld at de toler lidingar; Gud fer med dykk som med søner. For kven er den son som faren ikkje tuktar?
11 Finst det nokon far ibland dykk som vilde gjeva son sin ein stein når han bad um brød, eller når han bad um fisk, vilde gjeva honom ein orm i staden for ein fisk,
12 eller når han bad um eit egg, vilde gjeva honom ein skorpion?
13 Når då de som er vonde, veit å gjeva borni dykkar gode gåvor, kor mykje meir vil so ’kje Faderen frå himmelen gjeva den Heilage Ande åt deim som bed honom?»
1 Ordtøke av Salomo. Ein vis son er til gleda for far sin, men ein dårleg son er mor si til sorg.