Reconhecer
15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i honom vert Gud verande, og han i Gud.
5 Eg kjendest ved mi synd for deg og dulde ikkje mi skuld; eg sagde: «Eg vil sanna mine misgjerningar for Herren.» Og du tok burt mi syndeskuld. Sela.
12 Strid den gode striden i trui! grip det ævelege liv, som du vart kalla til og bar fram den gode vedkjenningi for mange vitne!
23 Lat oss halda uruggeleg fast på å vedkjennast voni, for han er trufast som gav lovnaden,
9 for dersom du sannar med munnen din at Jesus er herre, og trur du i hjarta ditt at Gud vekte honom upp frå dei daude, so skal du verta frelst;
24 Min lut er Herren, segjer mi sjæl; difor vonar vil eg vona på honom.
11 og kvar tunga skal sanna at Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders æra.
10 Kven er då kongen den herlege? Herren, allhers drott; han er kongen den herlege. Sela.
11 For det stend skrive: «So sant eg liver, segjer Herren, for meg skal kvart kne seg bøygja, og kvar tunga skal prisa Gud.»
10 for med hjarta trur ein til rettferd, og med munnen sannar ein til frelsa.
5 Den som sigrar, han skal verta klædd soleis i kvite klæde, og eg skal ikkje strjuka hans namn ut or livsens bok, og eg vil kjennast ved hans namn for min Fader og for hans englar.