7 Ver ikkje vis i eigne augo, ottast Herren og vik frå det vonde.
8 Det vert til helsebot for holdet ditt, og kveik for beini dine.
10 Få gremmelse ut or hugen din, haldt liding burte frå likamen din! for ungdom og morgonrode er fåfengd.
8 Læk helselause, vekk upp daude, gjer spillsjuke reine, driv ut djevlar! For inkje hev de fenge det, for inkje skal de gjeva det.
2 Kjære ven! Eg ynskjer at du i alle måtar må liva vel og hava helsa, liksom di sjæl liver vel.
12 Langdrøg von gjer hjarta sjukt, men uppfyllt ynskje er eit livsens tre.
19 Eller veit de ikkje, at likamen dykkar er eit tempel for den Heilage Ande som bur i dykk, han som de hev frå Gud, og at de ikkje er dykkar eigne?
20 For de er dyrt kjøpte. Æra då Gud i dykkar likam!
25 De skal tena Herren, dykkar Gud! Då skal han signa både brødet og vatnet for deg, og sott og sykja skal eg venda frå deg.
8 For den likamlege tamen er gagnleg til lite, men gudlegdom er gagnleg til alt; med di han hev lovnad for det livet som no er og for det som kjem.
3 Han lækjer deim som hev sundbrote hjarta, og bind um deira verkjande sår.
12 Då Jesus høyrde det, sagde han: «Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei som hev vondt.
24 Milde ord er honningdropar, søte for sjæli og lækjedom for beini.
22 Gladværugt hjarta gjev lækjedom god, men nedslege mod fær beini te visna.