Tudo posso nAquele que me fortalece

4 Born, de er av Gud og hev sigra yver deim; for han som er i dykk, er større enn han som er i verdi.

2 og skikka dykk ikkje likt med denne verdi, men umlagast med uppatnying av hugen dykkar, so de kann prøva kva som er Guds vilje: det gode og hugnadlege og fullkomne.

19 Og min Gud skal etter sin rikdom fullt upp bøta på all dykkar trong i herlegdom i Kristus Jesus.

13 Alt magtast eg i honom som gjer meg sterk.

7 Ver difor Gud undergjevne! Men statt djevelen imot, so skal han fly frå dykk!

7 For Gud gav oss ikkje ei ande som verkar modløysa, men ein som verkar kraft og kjærleik og umtanke.

1 Av David. Herren er mitt ljos og mi frelsa, kven skulde eg ottast for? Herren er verni for mitt liv, kven skulde eg ræddast for?

7 Kasta all dykkar sut på honom; for han hev umsut for dykk!

11 Ikkje so at eg segjer dette av trong, for eg hev lært å vera nøgd med det eg hev.

12 Eg veit å liva i ringe kår, eg veit og å liva i nøgd; i alt og i alle ting er eg innvigd, både å verta mett og vera svolten, både å hava nøgdi og hava vanråd.

13 Alt magtast eg i honom som gjer meg sterk.