9 Lat upp din munn og rettvist døm, lat armingen og fatigmannen få sin rett!
4 Og dei rettferdige gled seg, dei fagnar seg for Guds åsyn, dei frygdar seg med gleda.
5 Syng for Gud, syng lov for hans namn! Bygg veg for han som fer fram i øydemarker, Jah er namnet hans, og fegnast for hans åsyn!
9 Soleis tala Herren, allhers drott: Seg rettvise domar og ver kjærlege og miskunnsame mot kvarandre!
10 Enkjor og farlause, framandfolk og fatige må de ikkje vera harde med, og ikkje tenkja ut vondt mot kvarandre i hjarta dykkar!
22 Enkjor og farlause skal de aldri vera harde mot.
23 Er de harde mot deim, og dei ropar til meg, so skal eg visst og sant høyra ropi deira,
24 og harmen min skal loga upp, og eg skal slå dykk med sverdet, so dykkar konor vert enkjor og borni dykkar farlause.
3 Heidra enkjor som verkeleg er enkjor!
9 Herren varar dei framande, farlause og enkjor held han uppe, men han villar vegen for dei ugudlege.
27 Ei rein og lytelaus gudsdyrking for Gud og Faderen er dette: å sjå til faderlause og enkjor i deira trengsla, å halda seg sjølv uflekka av verdi.
17 Lær å gjera godt, legg vinn på det som rett er, vis valdsmannen på betre vegar, hjelp den farlause til retten sin, før saki åt enkja!
12 Eg berga arming når han ropa, og farlaus som var utan hjelp;
13 velsigning fekk eg frå forkomne, og enkjor fekk eg til å jubla.