1 Syng Herren ein ny song, syng for Herren, all jordi!2 Syng for Herren, lova hans namn, forkynn frå dag til dag hans frelsa!3 Fortel millom heidningar hans æra, millom alle folkeslag hans under!4 For Herren er stor og mykje lovsungen, skræmeleg er han framfor alle gudar.5 For alle gudar hjå folki er avgudar; men Herren hev gjort himmelen.6 Høgd og herlegdom er for hans åsyn, styrke og prydnad i hans heilagdom.7 Gjev Herren, de folke-ætter, gjev Herren æra og magt!8 Gjev Herren hans namns æra, tak gåvor med og kom i hans fyregardar!9 Tilbed Herren i heilagt skrud, skjelv for hans åsyn, all jordi!10 Seg millom heidningarne: «Herren er konge, og jordriket stend fast, det let seg ikkje rikka; han dømer folki med rettvisa.»11 Himmelen glede seg, og jordi fagne seg, havet dure og alt som i det er!12 Marki frygde seg og alt det som på marki er! Då fegnast alle tre i skogen13 for Herrens åsyn; for han kjem, for han kjem til å døma jordi; han skal døma jordriket med rettferd og folki i sin truskap.
Publicidade
Salmos 96
Veja também
Publicidade
Salmos
123456789101112131415161718192021222324252627282930313233343536373839404142434445464748495051525354555657585960616263646566676869707172737475767778798081828384858687888990919293949596979899100101102103104105106107108109110111112113114115116117118119120121122123124125126127128129130131132133134135136137138139140141142143144145146147148149150
Ver todos os capítulos de Salmos